Stikkord
Dublin, Gaelisk fotball, Guinness, Jameson, Kylie Minogue, Pub, Whiskey
Har no fått oppleva både eit nytt land og ein ny by. Første gang eg besøker Dublin. Ein knakande flott by og når ein i tillegg kjem til strålande vær så skal ein ikkje klaga. Fra og reisa fra stygge minusgrader her i Årdal til 15-16 varmegrader og sol fra skyfri himmel gjorde godt for skrotten. Denne gang vart det ein søndag-fredagstur. Budde på Best Western Academy Placa Hotel sentralt i byen. Eit skikkeleg flott hotell som eg meir enn gjerne benyttar igjen. Ein god pris fekk eg også, noko som sikkert har med å gjera at landet slit voldsomt økonomisk.
Ankom Dublin halv tolv lokal tid, så da var det berre å hiva seg i ein drosjebil og komma seg på hotellet. Tiden var knapp da eg hadde planlagt å ta turen til Croke Park for å sjå gaelisk fotball for første gang. Bana er nasjonalarena for sporten og har plass til heile 82 500. Til denne kampen mellom Dublin og Mayo kom det dòg berre 19800. Hadde studert litt på kartet først kvar eg burde gå, men klarte sjølvsagt å gå litt feil, men såg mange som gjekk rundt i fotballdrakter, så da var det berre å følga straumen. Før eg viste ordet av det så stod den massive stadion framfor meg. Neste punkt var å finne Box Office for å hente ut billetten til kampen. Trygt inne på tribuna var det berre å setta seg til rette og venta på avspark. Etter høgtideleg “nasjonalsang” på Gaelisk. Seie seg sjølv at eg ikkje skjønte ein pøkk av dette. Reglane for sjølve kampen sleit eg også med, men det vart no spennande og temperaturen på tibuna steig også fleire hakk mot slutten. Det enda med ein knapp heimesiger for Dublin med 26-22. Etter kampen var det berre å følga straumen med folk igjen og plutseleg var eg på kjente trakter fra tidlegare på dagen.
Rett ved sidan av hotellet låg ein pub som kunne skryta på seg å ha europas største 3d storskjerm. No skreik kroppen etter øl og sidan eg var i Irland, så var valget enkelt; GUINNESS. På dei ulike skjermane vart det synt ulike kampar. Eg “svitsja” mellom ligacup kampen Rangers-Celtic samt Chelsea-Man. City. Eit par Guinness seinare var det tilbake på hotellet og slappa av resten av kvelden.
Mandagen gjekk med til å besøka det som skal vera ein av Dublin sine største attraksjonar, Guinness Storehouse.
Dette er da eit sju etasjers bygg som viser alt fra korleis ølet blir til, reklamering opp igjennom historien til Gravity Bar med eit flott utsyn over heile Dublin. Eg må faktisk seie at eg vart litt skuffa over deler av bygget. For meg var første etasje mest interessant der dei gjekk igjennom korleis ein laga ølet. I tillegg så fekk ein muligheit til å tappe sin eigen Guinness, noko eg sjølvsagt måtte prøva. Bestod med glans
Høgdepunktet med turen var det som skulle skje både tirsdag og onsdag. Da var kveldane satt av til Kylie Minogues Aphrodite – Les Folies tour. Hadde sett ho tre gonger tidlegare, men må seie at denne utgava overgår alt anna eg har sett av frøken Minogue. Eit spektakulært show som ein ikkje får opplevd altfor ofte. I utgangspunktet så skulle eg berre overværa første konserten, men sidan eg først var i Dublin, så kunne eg no reise på konsert nr 2 også. To timar med nonstop action med eit publikum i ekstase gjorde dette til ein stor opplevelse. Onsdagen var det på an igjen. Denne gang hadde eg bestemt meg for å komme så nærma scena som mulig, noko eg lukkast rett så godt med. “Rad 3″ burde ein seie seg nøgd med. Konserten var også denne kvelden utsolgt med 10 000 galne fans, og dette showet var like bra som kvelden før. Det største høgdepunktet var utan tvil avluttninga med eit vatnshow utan like. Har eit ganske så råte kamera på mobilen, men fekk no teke eit bilde som ser nokolunde ut.
To fantastiske kveldar var over og målet med turen var heilt klart verdt det.
Torsdag var siste heile dagen i Dublin og denne vart benytta på whiskey destilleriet Jameson.
Må faktisk seie at dette var mykje flottare enn Guinness sitt “museum”. Her vart me guida gjennom opphavet til whiskeyen, der dei har laga til flotte miniatyr bygningar etc som viser korleis ein jobba i dei tidlegare tider. Omvisninga vart avslutta med prøvesmaking. Må innrømme at dette var første gang eg smakte Jameson og eg vart positivt overraska. Ein mild og rund smak og vart sjølvsagt handla på tax free i forbindelse med heimreisen.
Fekk også besøkt nokre pubar desse dagane. Var blant anna ein tur innom The Brazen Head (angivelig Irlands eldste pub) og O’Donoghue’s (The Dubliners pleide å møtast her) To flotte pubar
Alt i alt var dette ein strålande tur som verkeleg gav meirsmak. Irland skal eg besøka fleire gonger, men da må eg nok også inkludera meir av “landsbygda”. Vil tru at det finst mange små perler rundt omkring.
Avsluttar med eit opptak av finalen på konserten i Dublin.



På tide med oppdatering snart