Stikkord

, , , , ,

Nytt år og 25 nye feriedagar. Kva skal ein så bruka desse på? Vel i første omgang så blir det ei veka i Dublin i slutten av mars. Kylie Minogue har lagt ut på nok ein verdensturnè og sidan ho ikkje tek turen innom Norge så måtte ein finne andre plassar og oppleve dette spektaulære showet hennar. Fant ut at eg like gjerne kunne kombinere dette med ein liten ferie, samt moglegheita til å oppleve eit nytt land. Så da falt valget på Irland, eit land eg alltid har hatt ønskje om å besøka. Utover to Kylie konsertar så må eg jo ta turen innom Guinness Storehouse for å få ein liten innføring i dette svarte gull som smakar himmelsk. Ellers er eg litt usikker på kva eg skal få med meg. Blir nok også en tur innom Jameson destilleriet, ellers blir nok tiden brukt mykje på ulike pub’ar i byen.

Påsken blir i år lagt til fotballens mekka, England. Er fire kompisar som skal over for å sjå favorittlaga våre. Vi startar i sør-vest med Torquay – Wycombe på flotte Plainmoor. Blir ein veldig viktig kamp da ein i reisefølget er Wycombe fan, så her snakkar me prestisje :) Fyker tilbake til London etter kampen da neste dag inneheld kamp i Gillingham, der heimelaget møter Barnet. Oppholdet blir avslutta med ein tur til Manchester som blir vår base i forbindelse med siste kamp på programmet, nemleg Bradford – Aldershot. Skal bli interessant å sjå gamle Torquay legenda Tim Sills i Shots drakt.

Med andre ord, det blir dårleg med påskefjell i år også :)

Hausten blir også nytta til ein ny Englandstur. Den årlege Norway Gulls turen er satt opp i september/oktober. Ser fram til denne da dette er sjølve jubileumsturen (11. gang) Skal bli spennande å sjå om Torquay da spelar i League One eller framleis befinn seg i League Two.

Skal også få oppleva Russland detta året. Agnitio (min arbeidsplass) feirar 10 år, så da er det jo på plass med ein liten firmatur. Så da er det St. Petersburg som står på plakaten. Ser fram til å få oppleva litt ny kultur og det blir vel ikkje smått med vodka og liknande :)

Så no er det berre å spara så mykje peng ein kan slik at ein kan få gjennomført alle desse planane.

Avsluttar med denne fantastiske videoen fra Eva & The Heartmaker: Gone In A Flash. Enjoy :)